Den nye løysinga for offentleg elektronisk postjournal, eInnsyn, har utvikla ei ny løysing for publisering og innsyn i offentlege saker, der eitt av måla er å publisere meir av dokumenta frå forvaltninga i fulltekst. Prosjektet har sett nærare på barrierane for dette, og laga ei kokebok for å gjere implementeringa enklare.
Involverte aktørar: Difi, Barne- og likestillingsdepartementet, Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Leverandør: Making Waves og PA Consulting Group
Om prosjektet
Målet med Barriereprosjektet var å sikre at det blir utvikla ein kultur, tillit og arbeidsprosessar for realisering av gevinstpotensialet i eInnsyn. Ved bruk av designmetodikk og involvering av brukarar, identifiserte og endra prosjektet teknologiske, kulturelle og organisatoriske barrierar. Dette vart gjort gjennom å pilotere innføring av den nye tekniske løysinga i to verksemder.
Målet for prosjektet
Saksbehandlingsprosessen i kvar verksemd måtte kartleggjast meir i detalj, for å identifisere eksakte krav til nye prosessar og rutinar ved bruk av eInnsyn.
- Gevinstar ved bruk av eInnsyn burde kartleggjast meir i detalj per verksemd.
- Ønske om pilotering av nye prosessar og rutinar ila. 2017.
- Kvar verksemd måtte jobbe vidare med haldningar og kultur før innføringa av eInnsyn.
Resultat
Etter gjennomført behovskartlegging gjekk verksemdene gjennom saksbehandlingsprosessar og forventa gevinstar frå eInnsyn i detalj. Det vart gjennomført møte med både arkiv og saksbehandlarar til stades, og verksemdene avdekte kva område i saksbehandlingsprosessen som vart påverka av eInnsyn, og drøfta nye arbeidsrutinar.
Resultatet vart ein praktisk retta rettleiar for verksemdsleiarar og prosjektleiarar som skal implementere eInnsyn i verksemda. Målet er å fremje openheit og demokrati.
Ved å følgje framgangsmåten i kokeboka kan leiarar identifisere kva for endringar som må gjerast i roller og arbeidsprosessar, og korleis ein kan jobbe med kultur for å lykkast med innføringa av eInnsyn.