IMDi har utvikla ei digital delingsteneste som legg til rette for at kommunar kan dele erfaringar, verktøy, modellar og framgangsmåtar dei bruker i integreringsarbeidet.
Involverte aktørar: Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i samarbeid med kommunar.
Leverandør: Comte Bureau og Sopra Steria
Om prosjektet
Busetjing av flyktningar utfordrar kommunane sitt tenesteapparat og tilsette i kommunane som arbeider med integrering og kvalifisering av flyktningar. Derfor var det behov for å styrkje kvaliteten i kommunane si introduksjonsordning for nyleg komne flyktningar. For å utvikle og designe ei betre teneste identifiserte prosjektet behov hos tilsette og leiing i kommunane, knytte til å utvikle, planleggje og gjennomføre kvalifiseringsløp. Resultatet vart ei digital delingsteneste.
Betre kvalifiseringsløp hos IMDi
Prosjektets mål
- Utvikle konsept saman med kommunar som skal bruke ny teneste.
- Utvikle testbare konsept for ny teneste.
- Vidareutvikle valde konsept saman med kommunar.
- Jobbe iterativt med utviklinga.
- Setje opp pilot.
Innsikt og prosess
- Inviterte med kommunar for å definere utfordringar og moglegheiter innanfor fagfeltet: Fagverkstad med 200 deltakarar gav mykje innsikt som vart tilarbeidd for å definere retning på prosjektet.
- Innsikta vart analysert og evaluert, og etter ein diagnosefase landa prosjektet på følgjande problemstilling: «Korleis kan IMDi gjere det enklare for kommunane å bruke relevant kunnskap frå forsking og praksis i arbeidet sitt med kvalifisering?»
- Fire fagverkstader med til saman 600 deltakarar frå kommunar og sluttbrukarar gav innsikt i korleis kvalifiseringsarbeidet kan bli betre.
- To behov peikte seg ut: 1. Hjelp til sjølvhjelp i kommunane for å sikre gode kvalifiseringsløp. 2. Lettare samhandling og oversikt for å koordinere innsatsen i kommunen.
- To nye fagverkstader med til saman 360 deltakarar for å skape idear og løysingar saman med kommunane.
- Seks moglegheitsområde identifiserte.
Tiltak og resultater
Resultatet vart ei digital delingsteneste som legg til rette for at kommunar kan dele sine erfaringar, praktiske verktøy, modellar og framgangsmåtar dei bruker i integreringsarbeidet med andre kommunar, IMDi og andre relevante aktørar. Tenesta vart testa gjennom tre iterasjonar med brukartesting i utviklinga, og pilotert i 17 kommunar.
- 20 prosent av kommunane svarte etter piloten at dei i stor grad fann erfaringar og kunnskap om andre kommunar på IMDi.no. Det tilsvarande talet før piloten var 0 prosent.
- 50 prosent av kommunane svarte etter piloten at det var svært sannsynleg at dei vil tilrå IMDi.no som ei kjelde til å finne verktøy og informasjon for å utføre oppgåver i integreringsarbeidet på. Det tilsvarande talet før piloten var 30 prosent.
- 70 prosent av kommunane svarte etter piloten at dei i nokon eller stor grad opplever at IMDi.no gjev verktøy og informasjon om korleis ein kan gå fram for å forankre integreringsarbeidet hos kommuneleiinga. Det tilsvarande talet før piloten var 50 prosent.