Målet for prosjektet var å auke kunnskapen om klimadata og dermed utløyse handling hos brukarar for å redusere forureininga og avgrense skadeomfanget av den forureininga som finst.
Involverte aktørar: Miljødirektoratet, Vegdirektoratet og Meteorologisk institutt.
Leverandør: Livework,PwC og Bengler
Om prosjektet
Dette vart tidlegare gjort gjennom ei tradisjonell nettside som var kopla opp mot ein del målestasjonar som viser luftforureining ulike stader i Noreg. Denne nettsida var i stor grad avsendarstyrt, og informasjonen er lite konkret. Det var vanskeleg for ein brukar å handle på bakgrunn av informasjonen som låg der.
Dei underliggjande fagsystema har vorte moderniserte dei siste åra, og det ligg eit stort potensial i betre utnytting av dei forbetra underliggjande dataa.
Miljødirektoratet og Vegdirektoratet, og f.o.m. 2017 også Meteorologisk institutt, ønskjer å levere data gjennom tenester som utløyser handling hos brukarane, og som gjev betre avgjerdsstøtte for kommunane i landet.
Betre luftkvalitet for publikum og forvaltninga
Tiltak
- Ei forståeleg og påliteleg nettside om luftkvalitet
- Tilgjengeleg og relevant informasjon og råd der innbyggjarane er
- Brukarvenlege verktøy og støtte til tilsette i kommunane
- Robuste og gode API-ar
- Kvalitetssikra grunnlagsdata
- Tverrfagleg samordning
Gevinster
- Betre helse for innbyggjarar
- Auka livskvalitet for lunge- og luftvegssjuke
- Reduserte helseutgifter i forvaltninga
- Betre luftkvalitet
- Spart tid og ressursar i kommunar og statleg forvaltning