Hopp til hovudinnhald

Korleis kan vi skape betre samhandling mellom tenester for utsette barn og unge og deira pårørande, slik at dei opplever best mogleg hjelp og handling?

Verksemder: Nye Øygarden kommune (kommunene Fjell, Sund og Øygarden)

Leverandør: EGGS Design

Behovet som skal dekkjast

Samordning av tenester rundt utsette barn og deira pårørande er ei nasjonal utfordring. Barn og unge som har oppfølging av barnevernstenesta har ofte komplekse og samansette problem og har behov for koordinerte tenester. Likevel peiker nasjonale studiar og utgreiingar på utfordringar knytte til nettopp samordning av tenester rundt denne målgruppa. Tenesteapparatet i Sund, Fjell og Øygarden var tidlegare organisert ulikt med tanke på tenester for barn og unge, og også at dei jobba til dels etter ulik metodikk. Likevel såg ein at alle tre kommunar, til liks med mange andre kommunar, har utfordringar knytte til samordning av denne målgruppa.

Om prosjektet

Målet for prosjektet var gjennom samskaping å arbeide fram ein metode for tverrfagleg samhandling for målgruppa «barn og unge med særlege utfordringar», basert på innsikter i behov og ønske frå borgarane og tenestene. Det var også ein ambisjon om at prosessen i seg sjølv vil syte for betre samhandling og kunnskap på tvers av tenester og kommunegrenser.

Eksperiment i praksis

Eit eksperiment vil seie at ein i ein avgrensa periode testar ut ein ny måte å arbeide på, for å lære av ulike fasettar: Barrierar i eigen organisasjon for å få det til; Kva trengst av verktøy og utvikling; Korleis responderer borgarane; Korleis blir samhandling og kultur påverka? Ein bonus er at gruppene i seg sjølv blir betre kjende, samhandlar om noko nytt, og lærer ein ny metode for innovasjon i tenestene.

Gjennom ein periode på 6–8 veker vart prosjektgruppa delt inn i seks grupper som testa ut sitt eksperiment med fokus på å koordinere tenester for å skape betre tilbod med borgaren i sentrum. Kvart eksperiment starta veka med ein «Sjekk-inn» på måndagen med designteamet der fokus var på innsikter ein ønskte å hauste. I løpet av veka arbeidde gruppene med små grep med potensial for å skape forbetringar i samhandling og borgaroppleving. Vekene vart avslutta med ein «Sjekk-ut» med designteamet, der ein diskuterte og dokumenterte læringar. Borgarar som var med som testpersonar, fekk utdelt ulike dokumentasjonsverktøy, slik som dagbøker til foreldra, og ein kalender med klistremerke med «emojiar» til barn og unge. Desse vart samla inn på slutten av eksperimentfasen.

Resultat

Prosjektet kom fram til konseptet «Familielos» . Familielosen vil vere familiens knutepunkt mot dei kommunale tenestene, og sikre at heile familien sine behov blir høyrde. Familielosen skal syte for framgang og oversikt i prosessen, og sikre at tenestene samhandlar og blir mest mogleg føremålstenleg koordinerte til familien sine samla behov. Familielosen og familien vil setje ned eit familieteam, som består av representantar frå dei ulike tenestene som er aktuelle, og eventuelle tillitspersonar. Desse teammedlemene møter med mandat og myndigheit frå tenesta si. Det blir ikkje saksbehandla i møta, men planlagt kva som er best mogleg veg vidare for familien, og kven som skal gjere kva til neste gong ein møtest. Ein stor gevinst er å kartleggje saman, at alle høyrer det same, og forpliktar seg til familien. Målet er at fleire familiar vil kome seg ut av det dei opplever som ein håplaus situasjon, og oppleve at kommunen speler på lag med dei og forstår heile familien sin situasjon. Familielosen skal vere inne ein avgrensa periode, t.d. 6–12 md, og hjelpe familien ned i BTI-nivå.

Gevinstar

Gevinstar knytte til familielosen:

Kort sikt

  • Omgåande forbetring av opplevinga borgaren har av koordinerte og tverrfagleg leverte tenester.
  • Familiar vil oppleve seg sett og høyrt, og oppleve det positivt at alle tenesteytarar får høyre det same.
  • Betre tverrfagleg samhandling, og kjennskap til kvarandre blant tenester frå kommunen. Vil føre til meir samhandling også utanfor familielos-arbeidet.
  • Kortare saksbehandlingstid, fordi kvar teneste forpliktar seg i større grad til å løyse ting snarleg.
  • Fleire vil få rett hjelp, til rett tid.

Lang sikt

  • Færre barn/unge med psykiske plager.
  • Færre familiar som slit.
  • Redusert tal saker til barnevernet.
  • Meir effektiv ressursbruk i kommunen.
  • Større grad av samhandling.