Hopp til hovudinnhald

Prosjektet har sett på korleis kan ein styrkje den totale satsinga på medisinsk avstandsoppfølging i spesialisthelsetenesta i Helse Midt-Noreg (HMN).

Verksemder: St. Olavs hospital HF, Helse Midt-Noreg RHF, Helse Nord-Trøndelag HF og Helse Møre og Romsdal HF

Leverandør: PwC

St. Olavs Hospital var oppdragsgjevar, mens prosjektgruppa bestod av ressursar frå St. Olavs Hospital, Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag, og innleigde konsulentar frå PwC.

Behovet som skal dekkjast

Helsetenestene står overfor store utfordringar. Både behov, forventningar og moglegheiter for nye tilbod vil auke. Ved St. Olavs hospital blir det gjennomført rundt 3000 polikliniske konsultasjonar dagleg, med lang reiseveg for mange av pasientane. Om ein pasient bruker 2 timar på reise/venting i snitt, går det med ca. 1000 «arbeidsdagar» kvar dag. Talet på polikliniske konsultasjonar er forventa å auke med 65 % fram til 2035. Hospitalet forventar også at behovet for både sengeplassar og polikliniske konsultasjonar vil auke fram mot 2035. Derfor trengst det å utvikle nye former for helsehjelp.

Om prosjektet

Prosjektet har undersøkt korleis medisinsk avstandsoppfølging kan effektivisere måten pasientar blir følgde opp på, til beste for innbyggjarane og helsetenestene. Studiar viser at avstandsoppfølging blir teke godt imot av pasientar – men ein har i liten grad til no sett initiativ retta mot spesialisthelsetenesta samanlikna med t.d. kommunehelsetenesta.

Medisinsk avstandsoppfølging er eit tema som har vore forsøkt ut gjennom lokale initiativ utan at nokon har funne ei optimal løysing som kan spreiast nasjonalt. Fleire helseføretak i helseregion Midt-Noreg (Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag) gjekk saman med det regionale helseføretaket, for å ta heilskapleg tak i denne problemstillinga. Samarbeidet og den forankringa dei har, gav prosjektet truverde på at dei kan få til ei løysing som kan spreiast og implementerast nasjonalt. Helseregion Midt-Noreg, som pilotregion for det nasjonale arbeidet med helseplattforma og «éin journal»-arbeidet, er ein eigna region for å gå utforskande til verks i dette arbeidet. Det blir viktig å sjå dette prosjektet i samanheng med arbeidet med den nasjonale helseplattforma.

Prosjektet starta tidleg i 2020. Covid-19 og nedstenging av samfunnet frå mars 2020 gjorde prosjektet høgaktuelt. Situasjonen medførte behov for rask tilgang til løysingar for medisinsk avstandsoppfølging.

Ein videosamtale hadde jo spart meg for reisa til sjukehuset, og dei to til tre dagane det tek å ta meg igjen i etterkant.

Resultat

Prosjektet har identifisert videokonsultasjonar som ein grunnstein for vidare utvikling av avstandsoppfølging som teneste, og under koronapandemien har prosjektet lagt auka fokus på å halde oppe bruk av videokonsultasjonar.

Gjennom prosjektet er det identifisert og føreslege 29 tiltak som kan løyse forskjellige hinder som einingane i Helse Midt møter i arbeidet sitt med video og andre nye løysingar i dag. Det er laga eit vegkart for implementering, og ein rettleiar for innføring av videokonsultasjonar i pasientforløp, som verktøy for forløpsansvarlege, forløpsrettleiarar, og leiarar i eining.

Gevinstar

Kort sikt

  • Auke i talet på videokonsultasjonar i dei ulike avdelingane.
  • Måloppnåing på talet på videokonsultasjonar i dei ulike klinikkane.
  • Økonomisk gevinst ved redusert utbetaling til pasientreiser. Innsparinga blir betalt ut til klinikkane.

Lang sikt

  • Betre og lik tilgang til spesialisthelsetenesta - uavhengig av geografi.
  • Auka samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta, fastlege og andre einingar (arbeidsgjevar, skulehelsetenesta, Nav, pårørande) vil gje betre helsetilbod - tilpassa pasienten.
  • Endra måte å tenkje på når det gjeld helsehjelp og utovervendt verksemd: T.d. St. Olavs heime.