Statsbygg såg behov for å utvikle ei ny teneste, metodar og verktøy for å forbetre måten dei varetek langsiktige arealbehov hos leigetakarane sine og følgje opp dei nye og strengare statlege føringane for arealbruk.
Verksemd: Statsbygg
Leverandør: Knowit og Designit
Om prosjektet
Hovudoppgåva til Statsbygg er å tilby kostnadseffektive og funksjonelle lokale til statlege verksemder. Prosjektet inkluderer to pilotar, Statens hus i Steinkjer og eitt bygg i Oslo-regionen.
Stadig strengare kostnads- og klimakrav, stiller større krav til at Statsbygg tilbyr kostnadseffektive og funksjonelle lokale som er gode å bruke. Prosjektet handla om å balansere berekraftig utnytting av samfunnet sine ressursar med enkeltmennesket sine behov for gode arbeidsforhold. Statsbygg påpeiker sjølv korleis den tradisjonelle kompetansen dei har brukt, kjem til kort for å avdekkje erkjente og ikkje-erkjente behov. StimuLab meiner at det ligg eit innovasjons- og gevinstpotensial i at Statsbygg utviklar nye metodar for meir effektivt å hente inn nødvendig kunnskap om ulike brukarar sine behov.
Statsbygg fortel om korleis dei jobba i Stimulab-prosjektet
Tiltak
Prosessen vart planlagd og gjennomført som ein tenestedesignprosess med 5 fasar. Gevinstrealiseringsaktivitetar og forankringsmøte er gjennomførte parallelt med tenestedesignaktivitetane. Resultat og status vart presenterte jamleg for referansegruppa undervegs.
Fase 1: Leggje grunnlaget
Fase 2: Forstå landskapet
Fase 3: Tenkje nytt
Fase 4: Test, lær, involver
Fase 5: Forankring og dokumentasjon
Prosjektet har utvikla 10 verktøy og metodar til hjelp for å avdekkje behov når bygg skal endrast eller byggjast:
- eigenteikna plan
- brukarreise
- strategisk samtale
- nøkkelfunn
- modellering og pilotering
- assosiasjonsord
- visjonsøving
- behovsomsetjar
- behovsgrupper
- myteknusar
Forventa gevinstar
Ved implementering av verktøy og prosess for behovskartlegging forventar ein på bakgrunn av nøkkelfunna at Statsbygg og leigetakarane kan oppnå følgjande gevinstar:
- mindre tid på ikkje-verdiskapande kundedialog
- betre brukaroppleving hos leigetakar i rådgjevingsprosjekt
- mindre feil og manglar ved synfaring på grunn av identifisering av behov tidleg
- færre kompenserande tiltak med betre forståing av behov og riktig krav i kravspesifikasjonen til byggherre
- færre iterasjonar/kortare tid i avklaringsfasen i små/middels byggjeprosjekt
- mindre tid brukt på support
- generelt høgare kundetilfredsheit
- lågare kostnad per kvm
- kompetanseheving