Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 28. august kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det første møtet etter sommarferien har me følgjande tema:

09:00 «Status for Orden i eige hus i Kunnskapssektoren»

I regi av programmet Kunnskapssektorens datafellesskap – KUDAF, har HK-dir nytta fleire verkemiddel for å stimulere til auka fart i arbeidet med Orden i eige hus . Orden i eige hus blei i rapporten frå utgreiinga som la grunnlaget for KUDAF i 2020, peikt på som ein viktig føresetnad. Vår modenhetsanalyse i 2021 viste at det var lite som skjedde rundt Orden i eige hus i sektoren. No er vi i sluttfasen av ein ny modenhetsanalyse.

Lars Bjønnes og Per Hovde frå HK-dir vil informere om pådrivararbeidet som er gjort under KUDAF og gi eit førebels innblikk i resultata av den siste modenhetsundersøkelsen og om den viser at pådrivararbeidet har gitt ønskte resultat.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 28.08.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!