Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 13. november kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har me følgjande tema:

09:00 «Semantisk kunnskapsgraf i norsk politi: Korleis redde liv gjennom delt forståing av data»

Norsk politi jobbar kontinuerleg med å halde samfunnet trygt, kjempe mot kriminalitet og kaste lys over vanskelege saker. Til dette bruker dei blant anna mange viktige datasett som er lagra i ulike format og system. Ville det vere mogleg å få ein betre forståing av dei ulike datasetta, og til og med redde liv, dersom dei vart lenka saman og optimalisert for gjenbruk? Denne ikkje-tekniske lyntalen er for utviklarar og alle andre som ynskjer å sjå eit konkret eksempel på korleis ein kan nytte semantisk teknologi til å oppnå nøyaktig dette. Team kunnskapsgrafer hos Politiets IT-enhet har starta ei reise for å utforske korleis ein kan løfte data opp til å bli ein førsteklasses borgar av politiets økosystem.

Presentert av systemarkitekt Lars Berg Hustveit frå Politiets IT-enhet

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 13.11.2024 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09