Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 «Ei kort orientering om status for høyringsprosessen for DCAT-AP-NO»
Ved Øystein Åsnes, Digdir
09:10 «Vår Digitale Hukommelse - Felles målbilete for digitalisering av arkivområdet»
Kommunar, fylkeskommunar og statlege organ har eit lovpålagt ansvar for å dokumentere drifta, og dermed sikre ei open og ansvarleg offentleg forvaltning. Arkiva speler ei nøkkelrolle i å oppfylle desse krava og verne kulturarven i nasjonen. Digitalisering av arkiva skjer igjennom bruk av system som lagrar data i skya. Dette gir auka tilgang til data og informasjon, men genererer også enorme mengder data. Kommunane må derfor utvikle strategiar for både noverande og framtidig forvaltning av desse dataa.
Presentert av Fredrik Øvergård, FosenIKT med fleire
Nokon hugsar kanskje at dette òg vart omtalt i eit foredrag på Digitaliseringskonferansen i juni, og du kan lesa meir om prosjektet på KS sine sider:
Digitale arkiv sikrer fremtidens kulturarv - KS
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 11.12.2024 | Datalandsbyen
Vel møtt!