Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 12. februar kl. 09:00 – 10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 «Maskiner som arkiverer»
Kva om kunstig intelligens kunne ha hjelpt tilsette i offentleg forvaltning med korrekt arkivering av dokument? Det som høyrest ut som ein utopi, har blitt røyndom. Saman med leverandørar i privat næringsliv har Skatteetaten i fjor haust utvikla ein prototype for automatisert handtering av arkiv- og journalpliktig dokumentasjon. Fagdirektør for dokumentasjonsforvaltning i Skatteetaten, Marcus Liebold, presenterer funn og erfaringar frå eit innovativt eksperiment.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 12.02.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09