Hopp til hovudinnhald

Rapport Skates erfaringsrapport i 2024

Skates arbeid i 2024

Skate avgjorde i 2023 å jobbe med færre saker i 2024. Det var eit ynskje frå Skate om å følgje saker tettare over lenger tid og med det gi meir kraft bak avgjerslene som blir tekne.

Betydninga av EU i det nasjonale digitaliseringsarbeidet

EU har dei siste åra hatt høge ambisjonar på digitaliseringsområdet, noko som kjem tydeleg fram i langtidsstrategien Digital Decade og gjennom ei rekke regulatoriske og politiske initiativ. Dette reiser viktige spørsmål: Korleis vil EUs arbeid påverke digitaliseringsarbeidet i norske verksemder? Kva moglegheiter gir det oss, og korleis kan vi jobbe meir effektivt med dei kommande initiativa og regelverka?

Skate har lenge sett behovet for å følgje utviklinga i EU tettare, spesielt innan digitalisering og tilhøyrande regelverk. Dette handlar både om korleis EU-arbeidet treff kvar enkelt verksemd, kva moglegheiter det skaper på tvers, og korleis vi kan posisjonere oss betre. Skate har tidlegare gitt innspel om betydninga av EU i arbeidet med den nasjonale digitaliseringsstrategien (Fremtidens digitale Norge).

I mars 2024 vedtok Skate å etablere ei tverrfagleg arbeidsgruppe for å styrkje samarbeidet og engasjementet rundt EU-initiativ. Arbeidsgruppa skal identifisere tverrgåande behov og problemstillingar knytt til EU-regelverk, program og initiativ. Målet er å leggje til rette for meir proaktivt arbeid både i Skate og blant Skate-verksemdene.

For å auke kompetansen om korleis EU jobbar med digitalisering, reiste Skate og Skates arbeidsutval (AU) på studietur til Brussel 21.–23. mai 2024. Deltakarane fekk innsikt i EUs pågåande arbeid med digitalisering, kompleksiteten i lovgjevingsprosessane, norske påverknadsmoglegheiter og det kommande Europaparlamentsvalet.

En felles innsikt i DIGITAL Europa-programmet er svært nyttig. Fagsamlingen i Brussel ga oss både ny forståelse og muligheten til å diskutere på tvers av sektorene.

Skate og Skate AU på tur til Brüssel
Skate og Skate AU på tur til Brüssel våren 2024.
Foto: Digdir

Eit tydeleg inntrykk frå turen er at digitaliseringsarbeidet i EU er omfattande og komplekst, men samstundes svært heilskapleg. Regelverk, investeringsprogram og implementeringsarbeid er tett samanvovne og utgjer ei kraftfull og koordinert pakke.

Vi ser at det blir viktigare framover å sjå til EU når vi sjølve skal gjennomføre digitalisering i Norge. EU set standardar og retningslinjer som påverkar teknologiutvikling, datasikkerheit og personvern, og som vi i Noreg må tilpasse oss til. Å lære av EU sine erfaringar og løysingar kan sikre at Noreg held seg konkurransedyktig og harmonisert med europeiske krav og moglegheiter.

EU har høye politiske ambisjoner for digitalisering og det pågår omfattende regelverksutvikling – både innenfor personvern, sikkerhet, KI og datastrategi. En sentral driver for arbeidet med digitalisering er geopolitikk - Europa skal bli mer samlet, ta en sterkere og mer ledende rolle i dataøkonomien globalt.

Det er viktig at Skate er oppdatert og følger med på utviklingen, og at innsikt og erfaringer deles på tvers av sektorene i Norge.