Intro frå leiar av Skate
Digitalisering er vårt viktigaste verkemiddel for å møte utfordringane i framtida. Toppleiarorganet Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvaltninga) har i oppdrag å gi råd til regjeringa og til Digitaliseringsdirektoratet. Vi er også eit strategisk samarbeidsråd som samarbeider om korleis vi kan bidra til betre digitalisering av norsk offentleg sektor.
I 2024 har vi i Skate særleg vore opptekne av korleis vi kan følge opp den nye nasjonal digitaliseringsstrategien på ein god måte. Digitalisering er ein viktig føresetnad for at offentleg sektor skal kunne løyse sine samfunnsoppdrag framover, og i Skate har vi ansvar for å ha et overordna blikk på digitaliseringa av offentleg sektor. I den nye strategien har vi fått rammer for å kunne digitalisere betre saman, slik at vi kan bruke fellesskapets ressursar på ein god måte, jobbe meir effektivt og levere betre tenester.
For å sikre fart og kraft i den tverrgåande digitaliseringa er det viktig at vi har tilstrekkeleg kunnskap, gjer betre prioriteringar og sikrar realiseringskraft bak dei tiltaka vi har valt å prioritere. Her vil nasjonalt vegkart spille en viktig rolle i tiden som kommer og Skate vil kunne være en viktig aktør i arbeidet med forankring av dette arbeidet ute i etatane og i departementa.
I denne rapporten gir vi et kort overblikk over kva vi jobba med i 2024. Du kan også lese meir om kva Skate er (Dette er Skate i 2024) og kven medlemmene er (Skate-direktørane i 2024).