Hopp til hovudinnhald

Rapport Skates erfaringsrapport i 2024

Ny digitaliseringsstrategi

Digitalisering er ein nøkkelfaktor for at offentleg sektor skal kunne løyse sine samfunnsoppdrag i framtida. I Skate har vi eit ansvar for å ha eit overordna blikk på digitaliseringa av offentleg sektor. Den nye strategien blei lansert i september, og oppfølginga av denne har difor vore eit sentralt tema for Skate i 2024.

Skates toppleiarfrukost 2024

Under Digitaliseringskonferansen i juni arrangerte vi Skates toppleiarfrukost. Temaet for årets frukost var «Gjennomføringskraft – korleis kan vi saman sikre at digitaliseringsstrategien fører til endring?»

Den nye digitaliseringsstrategien vil utan tvil påverke offentleg forvaltning og krevje omfattande omstilling. Difor valde vi dette som hovudtema for årets toppleiarfrukost. Strategien er heilskapleg og skal famne om heile samfunnet. For å sikre eit breitt perspektiv, inviterte vi toppleiarar frå næringslivet, akademia, offentleg forvaltning og frivillig sektor for å få gode råd om korleis vi kan få omstilling til å skje i praksis. Innleiarar frå dei ulike sektorane delte innsiktsfulle innlegg frå eigen sektor som la grunnlag for gode diskusjonar og nye perspektiv rundt borda.

Statssekretær Tomas Norvoll i Skate

Statssekretær Tomas Norvoll deltok på Skate-møtet i juni på vegne av Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. Tema for dette møtet var arbeidet med den nye digitaliseringsstrategien, kva denne omfattar og korleis Skate skal bidra inn i gjennomføringa. Den førre strategien var avgrensa til offentleg sektor, og det var vanskeleg å sjå tydelege koplingar til andre delar av samfunnet. Det har difor vore eit ynskje å utarbeide ein strategi som denne gongen famnar heile samfunnet.

Strategiprosessen har vore omfattande, og fleire verksemder og alle departementa har vore involvert. Skate sendte i 2023 eit innspel (Skates innspill til ny digitaliseringsstrategi) til strategien. Målet er at strategien skal vera lett å kjenne att, samtidig som den har ambisiøse mål for digitalisering i Noreg.

Skate uttrykte eit ynskje overfor statssekretæren om å få ei sterkare rolle i dette arbeidet og bidra meir med sin kompetanse. Norvoll stadfesta at dette blir teke omsyn til og understreka at Skate vil spela ei viktig rolle framover.

Nasjonal digitaliseringsstrategi lansert 26. september

«Fremtidens digitale Norge – Nasjonal digitaliseringsstrategi 2024–2030» vart lansert i Trondheim den 26. september, med både statsministeren og digitaliseringsministeren til stades. Strategien skal setje retninga for det digitale Noreg frem mot 2030 og har eit høgt ambisjonsnivå med tydelege mål. Diskusjonar og refleksjonar rundt den nye strategien var difor hovudtema på Skates møte både i oktober og desember.

Digitaliseringsstrategien utfordrer oss til å se statlig sektor som et felles system der samarbeid og ressursdeling står sentralt. Skate-samarbeidet er en viktig drivkraft som bidrar til å løse felles utfordringer og styrke digitalisering i offentlig sektor.

Følgande tema frå strategien vart løfta og diskutert i møta:

  • Forsterka styring og samordning av offentleg sektor
  • Sikre en framtidsretta digital kompetanse
  • Korleis utnytte moglegheitene i kunstig intelligens
  • Gjennomføring av strategien og nasjonalt vegkart

Eit gjennomgåande og viktig råd frå Skate, er betydninga av å prioritere svært tydeleg. Vi bør ikkje spreie oss over for mange tiltak, men heller prioritere dei felles tiltaka som gir størst effekt. For å lukkast må vi alle jobbe saman og ta eit større ansvar for heilskapen. Heile offentleg sektor må finne løysingar for betre og meir forpliktande samordning av den tverrgåande digitaliseringa. Skate kan, på vegne av offentleg sektor, spele ei viktig rolle i å støtte opp om dette arbeidet. Nasjonal vegkart kan også vera eit viktig verktøy i dette arbeidet.

Oppfølginga av den nye digitaliseringsstrategien vil vere eit prioritert arbeid for Skate i 2025, og det er eit ønske frå Skate om å vere endå tettare på i oppfølginga av strategien framover. Dette vil gjera Skate meir operative og sørgje for betre kontinuitet og retning i arbeidet.

Den nye digitaliseringsstrategien viser at samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå er avgjerande for å levere samanhengande og brukarorienterte tenester. Strategien understrekar også behovet for å prioritere felles nasjonale løysingar, sikre god styring av data, og auke tempoet i digital omstilling for å møte framtidas behov. Dette meinar Skate er bra.

Læring frå gammal til ny digitaliseringsstrategi

På Skates møte i desember blei det gitt ei oversikt over status på tiltaka og måloppnåing for den førre strategien. Omsynet med å ta opp dette temaet var læring i overgangen til den nye strategien.

Den gamle digitaliseringsstrategien vart løfta fram av fleire som eit viktig bidrag til betre samarbeid mellom stat og kommune dette gode samarbeidet må vidareførast i den nye strategien. Arbeidet med samanhengande tenester innanfor dei definerte livshendingane vart løfta fram som viktig for å setja retninga på samarbeidet, eit arbeid som har blitt ført vidare i den nye digitaliseringsstrategien.

For å få meir gjennomslag er det nødvendig at departementa blir meir engasjerte på digitaliseringsområdet. Det krev handlekraft og tydelege forventningar om at strategien faktisk blir gjennomført. Politisk forankring er heilt sentralt for å lykkast, og det er avgjerande at alle departement tek eigarskap til strategien. Her må alle Skate-verksemdene bidra og jobbe opp mot sine respektive departement.

Nasjonalt vegkart

Gjennom heile 2024 har arbeidet med eit nasjonalt vegkart vore ei viktig sak for Skate og Digdir. Etableringa av eit nasjonalt vegkart vil vere eit viktig verktøy for å bryte opp kompleksiteten og konkretisere den nye digitaliseringsstrategien. Vegkartet skal leggje til rette for ein meir heilskapleg, effektiv og rask tilnærming til digitalisering i Noreg. Dette sikrar vi ved å prioritere dei viktigaste og mest relevante utfordringane først. Det har vore viktig med gode innspel frå verksemdene i dette arbeidet sidan kompleksiteten i arbeidet er høg. I Skate har det vore mange gode og konstruktive diskusjonar om temaet, og innspela som har komme har vore viktige i vidareutviklinga av arbeidet.

Nasjonale grunndata

Nasjonale grunndata er opplysningar som mange aktørar har behov for, og som er viktige for funksjonar og tenester i samfunnet. For at slike data skal kunne brukast effektivt, er det naudsynt at dei held tilstrekkeleg kvalitet og er lett tilgjengelege.

Skate etablerte ei arbeidsgruppe om dette i 2021 og har følgt opp arbeidet sidan. I møtet i desember 2024 støtta Skate vidare arbeid med Nasjonale grunndata og at nasjonale grunndata vart operasjonalisert gjennom pilotar. I tillegg var det avgjort at Digdir skulle ha rolla som nasjonal grunndatakoordinator saman med Skate-arbeidsgruppa i ein piloteringsfase.

Gevinstane ved nasjonale grunndata kan vera store. Ved å sikre at viktige data er tilgjengelege frå éi ansvarleg kjelde, oppdaterte og av høg kvalitet, kan ein leggje til rette for betre ressursutnytting og meir effektive tenester. Dette er difor ei sak som vil halde fram med å vere viktig for Skate framover.