I 2025 skal Digdir dela ut 180,1 millionar kroner til samfunnsøkonomisk lønnsame digitaliseringstiltak. Søknadsfristen er 7. februar 2025.
Ordninga skal gi betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor.
Digdir forvaltar medfinansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt i staten. Det er ei ordning som skal nå breitt ut, og målet er at me i Noreg skal gjennomføra fleire samfunnsøkonomisk lønnsame digitaliseringstiltak og realisera effektiviseringsgevinstar. Regjeringa har styrkt ordninga frå 2025.
Slik søkjer du
Ei statleg verksemd må stå som søkjer
Det må vera ei statleg verksemd som står som søkjar, men andre statlege verksemder, kommunar, aktørar i næringslivet, det frivillige osb. kan gjerne vera samarbeidspartnarar.
Krav til tiltaka:
- Må ha ein total prosjektkostnad mellom 10 og 100 millionar kroner.
- Medfinansieringsordninga kan dekkja inntil 50 prosent av dei totale prosjektkostnadene.
- Medfinansiering kan givast i inntil tre år, men prosjektperioden kan vara i fire år.
- Samfunnsøkonomisk lønnsame.
Søkerne må kunna dokumentera at tiltaka er samfunnsøkonomisk lønnsame. Dei må levera ein forpliktande gevinst-
realiseringsplan som viser gevinstane i eigen og eventuelt andre statlege verksemder, og korleis resultata skal målast.
Vil du vite meir?
Sit igjen med halve gevinsten
Verksemder som får nettogevinstar sit igjen med 50 prosent av eigne nettogevinstar, dei andre 50 prosent skal takast ut som reduksjon i budsjettet. Dersom andre statlege verksemder får netto gevinstar over 5 mill. kroner i levetida av tiltaket, skal 50 prosent av dette takast ut som reduksjon i budsjetta deira.
Ta kontakt med oss. Me tek gjerne 1-til-1-møter for å rettleia i søknadsprosessen.
Få hjelp til å finne finansiering til din verksemd
Velkommen til frukostseminar om finansieringsmoglegheiter 2. desember kl. 9-11.
Her kan de høyre om korleis Stimulab, medfinansieringsordninga, IT-tilskot og Digital Europa kan hjelpe di verksemd til å gjennomføre digitaliseringstiltak.
Du får også tid til å prate med representantar frå ordningane direkte, både ansikt til ansikt og digitalt.