Toppleiarorganet Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvaltninga) er eit strategisk samarbeidsråd og rådgjevande organ til Digitaliseringsdirektoratet og digitaliseringsministeren. Skate skal bidra til ei samordna digitalisering av offentleg sektor som gjev gevinstar for innbyggjarane, næringslivet, frivillig sektor, og offentlege verksemder.