Uhandterleg gjeld og store økonomiske problem er vanleg blant enkelpersonføretak. Prosjektet har sett på korleis ein kan førebygge uhandterleg gjeld blant enkeltpersonføretak.
Verksemder: Brønnøysundregistrene, NAV Lillestrøm og Lillestrøm kommune
Leverandør: Designit og Menon Economics
Behovet som skal dekkjast
Meir enn halvparten av dei innbyggjarane som tek kontakt med NAV for å få gjeldsrådgjeving, har så store økonomiske problem at dei ikkje kan løysast. Dette er ein klar indikator på at innbyggjarane ikkje får hjelp i tide.
Uhandterleg gjeld er ei stor samfunnsøkonomisk og personleg belastning som rammar svært mange menneske og er rekna for å vere ein av dei store flokane i samfunnet. Eit tidlegare Stimulab-prosjekt «Gjeldsfloka» frå 2018 identifiserte store moglegheiter for førebygging av økonomiske problem for spesielt to grupper – privatpersonar og enkeltpersonføretak. Då målet var å kome lengst mogleg på veg mot konkrete, treffsikre løysingar for tidleg førebygging, vart enkeltpersonføretak valde som hovudmålgruppa for prosjektet.
Om prosjektet
Prosjektet vart gjennomført i perioden august 2020 – januar 2021.
Prosjektet tilrådde tre innsatsområde:
- Ein god start
- Ei oppsøkjande hjelpande hand
- Den digitale førebyggjaren
Tilrådinga frå prosjektet er å satse på område 1. med tilhøyrande tiltak først, og samtidig planleggje for realisering av 2. og 3.
Systemet er ikkje bygd for å fange opp eller førebyggje
Resultat
Med «Ein god start» vil prosessen for å opprette ENK bli ei rettleia reise med meir pedagogisk utforming, «taktisk friksjon», tilpassa rettleiing tips, og verktøy for «test din risiko» – slik at fleire gjer grundigare vurderingar og førebuingar før dei får org.nr. og hoppar i det. Rettleiing og informasjon, som i dag ligg på utsida av registreringsforløpet, skal i større grad integrerast inn og formidlast betre.
Tilrådingane for «Ein god start» omfattar:
- Digital oppstartsrettleiar: Start med å utvikle, teste og implementere denne interaktive «risikotesten» som gjev tilpassa tips og ressursar til personar som vurderer/planlegg å starte føretak.
- Dulting og målretta informasjon før, under, etter etablering: Implementer føreslegne tiltak for nudging og pedagogisk formidling for å trigge dei ønskte brukaråtferdene/-handlingane i oppstartsfasen, og jobb vidare med å forme ei samanhengande og førebyggjande oppstartsreise.
- Regelverksendringar: Vurder ideane våre til endringar i regelverket og legg plan for utgreiing og implementering av desse.
- Offentleg-privat samarbeid: Definer krav som skal setjast til bankar og rekneskapssystem/rekneskapsførarar for korleis dei skal bidra til førebygging når dei vil stå for digital selskapsetablering
Prosjektet har etablert ei plattform for vidareutvikling og realisering av Klopp.
Vegen vidare
Vidareføring av prosjekta Klopp og Gjeldsfloka resulterte i prosjektet «Forenkla innsamling og formidling av økonomisk informasjon for enkeltpersonføretak» som i 2021 fekk støtte frå Medfinansieringsordninga.