Prosjekta vi har behandla
Sidan oppstarten i 2016 og fram til og med oktober 2023 har Digitaliseringsrådet behandla 108 prosjekt og hjelpt over 75 verksemder med råd og rettleiing.
Det er stor breidde i prosjekta vi får presentert. Nokre verksemder har eit ferdig planlagt digitaliseringsprosjekt og er i gang med gjennomføring når dei kjem til oss. Andre kjem på eit langt tidlegare tidspunkt i prosessen. Nokre ønsker rettleiing på oppdrag dei har fått av departementet sitt. Det er og fleire som ønsker råd i prosessen med å skrive satsingsforslag til statsbudsjettet.
Eit utval bilete frå verksemder som har besøkt Digitaliseringsrådet
Oversikt med kostnadsoverslag
Her får du ei oversikt over alle prosjekt som vi har behandla. Du finn informasjon om verksemda, departementsområdet og prosjektstorleiken.
Det er verksemda sitt kostnadsoverslag for å gjennomføra prosjektet som er lagt til grunn. Overslaget er foreløpig og usikkert fordi prosjekta er i ei tidleg fase når dei kjem til oss. Nokre overslag gjeld berre for forprosjektet.
Prosjekt som kostar mindre enn 25 millionar kroner reknar vi som eit lite prosjekt. Dei middels store prosjekta har ein kostnad på mellom 26 og 200 millionar kroner, mens dei store kostar over 200 millionar kroner. Nokre av prosjekta i oversikten er i ein så tidleg fase at dei ikkje har noko kostnadsoverslag.
Kva gir vi råd om, og kva spør verksemdene om?
Vi ber verksemdene om å sende oss konkrete problemstillingar og spørsmål som dei vil diskutere med oss. Dette ber vi om når dei sender oss dokumentasjon på tiltaket sitt. På den måten tilpassar vi behandlinga i rådsmøtet til verksemda sine behov.
Vi vurderer dokumentasjonen verksemdene sender oss i lys av seks faglege tema som vi meiner er sentrale for å lykkast med digitaliseringsprosjekt. Dette er:
- organisering og styring av prosjektet
- behov, mål og løysing
- risiko og risikostyring
- gevinst og gevinstrealisering
- konkurransestrategi og samarbeid med leverandørar
- IT-politiske føringar
Frå starten i 2016 og fram til og med oktober 2023 har vi fått 366 spørsmål frå verksemdene og gitt 784 konkrete anbefalingar tilbake. Tema som verksemdene tar opp seier noko om kva som er utfordrande. Tema vi gjer råd om gjer eit bilete av kva vi meiner at verksemdene bør jobba meir med.
Figuren under viser korleis spørsmåla frå verksemdene og våre anbefalingar fordeler seg prosentvis på dei seks temaa som er sentrale for å lykkast med ein digitaliseringsprosess.
Det er områda "organisering og styring" og "behov, mål og løysing" som oftast er er diskutert. Nesten åtte av ti spørsmål og anbefalingar har dreid seg om desse to temaa sidan Digitaliseringsrådet vart oppretta i 2016. Dei siste åra har nesten ni av ti anbefalingar handla om desse områda. Vi reknar med at denne trenden vil fortsetje ettersom vi opplever at stadig fleire kjem til oss i ei tidleg fase.
Den største skilnaden mellom kva leiarane ønsker å diskutere med oss og kva vi faktisk gjer råd på, dreier seg om temaet "behov, mål og løysing". 26 prosent av spørsmåla vi får handlar om dette, mens heile 39 prosent av anbefalingane våre handlar om "behov, mål og løysing".
Kva handlar organisering og styring om?
Organisering og styring handlar om korleis verksemda legg opp til å gjennomføre prosjektet sitt. Korleis har dei delt prosjektet opp i fasar? Korleis styrer dei prosjektet? Når og korleis involverer dei brukarane? Kva er gjennomføringsstrategien?
Dette er nokre viktige anbefalingar vi har gitt det siste året:
- Styrk dialogen med Kultur- og likestillingsdepartementet
- Samarbeid med aktørane i bransjen om felles mål
- Jobb smidig og legg til rette for kontinuerleg utvikling
- Direktøren bør leie styringsgruppen
Kva handlar behov, mål og løysing om?
Dette temaet handlar om verksemda har eit klart bilete av kven brukaren er, kva som er behovet til brukaren, korleis dei skal involvere brukarane i prosessen, kva som er målet med prosjektet og korleis dei nye løysingane støtter opp under måla.
Dette er nokre viktige anbefalingar vi har gitt det siste året:
- Tenk nytt om brukerinvolvering
- Lag den gode historia om kva de ønsker å oppnå
- Klargjer nytten brukarane vil få
- Kommuniser den endringsreisa de skal ut på