Medlemmene i Digitaliseringsrådet
Her kan du lese om medlemmene i Digitaliseringsrådet og bakgrunnen deira.
For leiarane var det nyttig å reflektere rundt problemstillingar med ei så samansett og kompetent gruppe.
Rådsleiar, Digitaliseringsdirektoratet Joakim Lystad
Joakim Lystad er leiar av Digitaliseringsrådet. Han har 30 års leiarerfaring. 12 av desse åra som toppleiar i Mattilsynet og Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Han er utdanna naturforvaltningskandidat frå nåverande NMBU. På slutten av 80-talet var han med å bygge opp eit norsk dotterselskap av eit amerikansk programvarefirma. Både i Mattilsynet og NAV leia han omfattande digitaliseringsprosjekt og erfarte kva gevinstar og utfordringar dette kan gje for verksemdene. Lystad er oppteken av at verksemdene må meistre dei organisatoriske og personalmessige endringane som ofte er ei forutsetning for vellykka digitalisering.
Spisskompetanse: Leiing, styring, endring, strategi og samarbeid.
Professor, OsloMet/SimulaMet Magne Jørgensen
Jørgensen har mastergrad innan økonomi og IT frå universitetet i Karlsruhe og doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han er sjefsforskar ved Simula Metropolitan Center for Digital Engineering, leiar av EDOS-programmet (Effektiv Digitalisering av Offentlig Sektor), og professor ved OsloMet. Han har erfaring som prosjektleiar og leiar for IT-prosessar i Telenor og Storebrand. Forskinga hans har dei seinare åra i stor grad fokusert på planlegging og leiing av IT-prosjekter.
Spisskompetanse:
leiing av digitaliseringsprosjekt
nyttestyring/gevinstrealisering, særlig i gjennomføringsfasen
kost/nytte og usikkerheitsanalysar
smidige forretnings- og utviklingsprosessar
Digitaliseringsdirektør, Bergen kommune Kjetil Århus
Århus har jobbet med IKT og digitalisering i offentlig sektor siden 2007. Fra 2011 har han vært direktør for området i Bergen kommune. Han har vært initiativtaker og pådriver til kommunesektorens digitaliseringsnettverk og er leder for DigiVestland for Vestland kommunene. Han har roller i kommunesektorens sentrale samstyringsstruktur, er medlem i KommIT-rådet og KS sitt digitaliseringsutvalg. Og han har vært medlem i KDD/ Digdir sitt Digitaliseringsråd siden opprettelsen i 2016.
Chief Commercial Officer, Secure Practice AS Ann Merethe Lysø Sommerseth
Sommerseth har over 25 års erfaring frå privat sektor med leiing på fleire nivå. Hennar spesialkompetanse innan leiing er forretningsutvikling, digitalisering, digital transformasjon, kommersialisering av teknologi, sal, marknadsvekst, strategi og innovasjon. Ho har erfaring fra bransjer som fintech (SaaS), proptech (SaaS), greentech (EaaS) samt konsulentverksemd innan software og design thinking. Ho er og strategisk rådgjevar og held foredrag. Ho har styreverv i AtB som er Trøndelags mobilitetsselskap eigd av Trøndelag fylke.
Spisskompetanse:
Ho er ein entreprenør, teknologi-entusiast og "design-thinker" som er spesielt oppteken av at teknologi støttar oppunder brukarbehov og bærekraftige forretningsmodeller. Ho fokuserer på det store bildet, liker å tenke stort, men starte smått.
Prosjektleiar, KSAT (Kongsberg Satellite Services) May Liss Wasmuth
Wasmuth er sivilingeniør i informatikk frå Universitetet i Tromsø, og har ein MBA frå Santa Clara University i California. Ho har jobba med utvikling av sjølvbetente løysningar og digitalisering i bank og finans i 10 år. Ho har vidare jobba med utvikling av verdikjeder og infrastruktur både innanfor telekom og helsesektoren. I dag jobbar ho som prosjektleiar i KSAT (Kongsberg Satellite Services) for å byggje opp eit nettverk av internasjonale bakkestasjonar for satelittkommunikasjon.
Spisskompetanse:
digitalisering og innovasjon
fokus på kundeperspektivet i løysinga
korleis kombinasjonen teknologi og bruk gjer meirverdi
Direktør, Domstoladministrasjonen (DA) Sven Marius Urke
Urke har vært direktør for Domstoladministrasjonen (DA) sidan 2014. DA er den administrative overbygginga for alle domstolane i landet, med ansvar for mellom anna utvikling og drift av kostnadseffektive, brukarvenlege, sikre og stabile IT-løysingar for domstolane. Før han kom til DA arbeidde han med internasjonal bistand til justissektoren på Balkan, særleg med planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt som ei transformerande kraft i utviklinga av domstolane, domstoladministrasjonen og påtalemakta i Bosnia og Herzegovina.
Spisskompetanse:
-
utvikling av digitale tenester med brukaren i sentrum
verksemdsutvikling gjennom bruk av teknologi/IT
planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt sett frå verksemdsleiar sitt perspektiv
Kommunikasjonsdirektør, Brønnøysundregistrene Kristine Aasen
Kristine Aasen har i heile si profesjonelle karriere jobba med digitalisering, innovasjon og ny teknologi. Dette har ho gjort i ulike roller hos IBM, Digitaliseringsdirektoratet og no som kommunikasjonsdirektør ved Brønnøysundregistrene. Ho har utdanninnga si frå BI Norwegian Business. Kristine brenn for ei berekraftig samfunnsutvikling der digitalisering er eit viktig og kraftfullt verktøy.
Ho er svært engasjert i tema knytta til digital innovasjon og har halde ei rekke foredrag om temaet. Kristine har eit glødande engasjement for å løyse komplekse utfordringer i både offentleg og privat sektor.
Dagleg leiar, Tjenesteutvikling Kongsbergregionen Britt Inger Kolset
Britt Inger Kolset har jobba med IKT og digitalisering i kommunar i ei årrekke. Frå 2007 som koordinator for Kongsbergregionens digitaliseringssamarbeid og frå 2021 som dagleg leiar for tjenesteutvikling i Kongsbergregionen. Kongsbergregionen består av 8 kommunar som har etablert eit samarbeid for framtidsretta gode tenester for regionens innbyggare.
Ho har brei erfaring frå kommunalt samarbeid om digitalisering og har blant anna vore pådrivar og initiativtakar til utvikling av nokre løysingar som er delt med andre kommunar. Gjennom arbeidet i regionen er ho tett på kommunane og har god innsikt i den kommunale kvardagen.
Divisjonsdirektør, Helsedirektoratet Lucie Aunan
Lucie Aunan har snart 30 års erfaring med digital transformasjon av viktige samfunnsprosessar. Ho har jobba 15 år i Skatteetaten med ansvar for forretningsutvikling, innovasjon og som prosjekteigar for fleire av skatt sine største digitaliseringsprosjekt. Tidlegare har ho jobba fleire år med digitalisering og endring av arbeidsprosessar i domstolane. No leier ho divisjon digital transformasjon og har ansvar for å tilrettelegge for at informasjon kan følgje pasienten på tvers av aktører og forvaltningsnivå og at helsepersonell for tilgang til nødvendig informasjon når dei treng det.
Aunan har lang erfaring med å balansere politiske krav til gode og forutseielege avgjerdsgrunnlag samtidig som ein jobbar smidig og lærer underveis.
Senior Manager, Sprint Consulting Nadine Ramsberg
Nadine Ramsberg har jobba med tenestedesign, produktleiing og endringsprosessar i 10 år. Ho har erfaring som konsulent frå blant anna Webstep der ho bidro til etableringa av UX- og tenestedesign som fagområde. Ho har hjelpt både private og offentlege verksemder med endring og utvikling knytta til digital omstilling. Frå 2022 har ho jobba med produktleiing og utvikling av programvare som teneste (SaaS) i norske skaleringsselskap.
Ramsberg har mastergrad i Digital Management. Ho har starta og dreve fagsamlingar for designere i Stavanger og helde foredrag og forelsingar om design og innovasjon. Ho var på vinnarteamet i DOGAs innovasjonskonkurranse "Gnist" i 2021 og blei samme år kåra som ei av Noregs 50 framste kvinner i teknologi.
Sekretariatet
Rådets sekretariat førebur saker for rådet og tar hand om den praktiske oppfølginga. Digitaliseringsdirektoratet har ansvaret for sekretariatet.
- Elin Oksavik (sekretariatsleiar)
- Hans G. Nilsson
- Mette Louise Mannsåker
- Anne Kristine Hanevold
- Jorunn Eriksson