Hopp til hovudinnhald

Rapport Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2024

Vi hjelper deg på vegen

Hausten 2023 blei eg spurd om å bli leiar av Digitaliseringsrådet. Det måtte eg tenke over før eg svarte på. Ikkje er eg digitaliseringsekspert, og ikkje er eg ung og framstormande. Men Digitaliseringsrådet deler refleksjonar om endring og digitalisering med toppleiarar i staten, og det vekte interessa mi.

Som tidlegare toppleiar veit eg kor vanskeleg endringsprosessar og digital transformasjon kan vere. Eg sakna sjølv eit digitaliseringsråd då eg hadde ansvar for endringsprosessar knytt til digitalisering i Mattilsynet og i Nav. Eg svarte derfor ja på spørsmålet frå det dåverande Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) (no 2 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)) om eg ville leie Digitaliseringsrådet.

Bildet viser rådsleder Joakim Lystad, Digitaliseringsrådet
Joakim Lystad, rådsleiar i Digitaliseringsrådet.
Foto: Digdir/Linda Meskestad

Digitaliseringsrådet har sidan 2016 gitt anbefalingar til over 120 digitaliseringstiltak. Som rådsleiar har eg i løpet av året treft mange verksemdsleiarar som fortel at Digitaliseringsrådet gir dei gode råd og hjelper dei vidare. Eg er litt overraska over kor nyttige råda våre blir påstått å vere. Refleksjonane våre er ofte ganske generelle:

  • Kven tar avgjerder i programstyret når det er ueinigheit, programeigaren eller fleirtalet i programstyret?
  • Kven eig risikoaksepten ved endringstiltaket, etatsleiaren eller statsråden?
  • Korleis kan ein knyte tiltaket tett opp til tenestene etaten leverer til samfunnet?
  • Korleis kan ein halde kontroll på utgiftene når alt det avanserte analysearbeidet i skya ikkje lenger har fastpris?

Ny digitaliseringsstrategi med høge ambisjonar

I august 2024 fekk vi besøk av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Bildet er en selfie av Digitaliseringsrådsleder Joakim Lystad. Statsråd Karianne Tung og Digitaliseringsrådet i bakgrunnen.
Vi hadde besøk av statsråd Karianne Tung i august.

Det blei eit hyggeleg besøk der vi, basert på erfaringane og refleksjonane våre, delte tankane våre om ein del viktige punkt:

  • balansen mellom sektorlojalitet og sterk styring av tverrgåande tiltak
  • finansiering og rammevilkår
  • skyreisa og kunstig intelligens (KI) – overgang til analyse i skya og ønsket om å ta i bruk KI

Vi har lenge sett fram til den nye digitaliseringsstrategien, og det er spennande å lese korleis han set retninga for at Noreg skal bli det mest digitaliserte landet i verda i 2030. Vi heiar på høge ambisjonar og er fornøgde med at strategien mellom anna er tydeleg på behovet for ei sterkare samordning og styring av offentleg sektor.

Rådsleiar Joakim Lystad i samtale med Are Kvistad, Digdir. Korleis har den første tida som rådsleiar vore?

Rådsleiar Joakim Lystad i samtale med Are Kvistad i Digdir. Kva erfaringer har Digitaliseringsrådet hatt det første året? Kva skriv vi om i rapporten dette året? Kva kjenneteikner ein digitalt moden leiar?

Har du behov for å lese samtalen finn du transkribsjon her

Digital modnad er lik høg omstillingsevne

Mange verksemdsleiarar som kjem til oss, fortel at dei jobbar med å gjere seg sjølv og verksemda meir digitalt modne. I erfaringsrapporten i år, som er den niande i rekka, går vi nærmare inn på kva det betyr for dei, og korleis dei ved å utvikle større digital modnad blir i stand til å omfamne ny teknologi og endringar som kjem.

Nye perspektiv om heilskapen

Meir digitalt modne verksemder klarer å sjå utover eigne tenester og eige samfunnsoppdrag. Heilskapen er større enn ein trur. Med nye perspektiv ser vi at digitalisering internt i verksemda kan vere til hinder for ei heilskapleg utvikling. Så korleis skal vi lykkast med felles utvikling mellom sidestilte etatar? Kven skal ta ansvaret når vi må finne saman på nye måtar?

Ver nysgjerrig på KI

Same kvar vi snur oss, møter vi debatten om korleis kunstig intelligens vil påverke måten vi jobbar på i framtida. Ny teknologi er eit verdifullt verktøy, men kvaliteten på datagrunnlaget må vere god for at vi skal få utnytta teknologiane maksimalt. Og med 3 inntoget av generativ kunstig intelligens i offentleg sektor i Noreg treng vi endå betre, meir merksame og meir nysgjerrige leiarar.

Takk til Digdir og sekretariatet!

Digitaliseringsrådet er heldig som får sekretariatstenester frå Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Vi får forslag til refleksjonspunkt til møta med verksemdene, vi får utkast til gode anbefalingsbrev, og vi får utført all nødvendig administrasjon og praktisk oppfølging.

Du er invitert til rådet

Vi håper du har lyst til å bruke Digitaliseringsrådet. Kanskje du les denne rapporten og kjenner deg igjen i det vi skriv om digitalisering og digital transformasjon? Ta kontakt, vi er her for deg.

Bilde fra et rådsmøte fra venstre sekretariatsleder Elin Oksavik, rådsleder Joakim Lystad og Rådsmedlem May Liss Wasmuth
Frå eit rådsmøte. Elin Oksavik (t.v) er sekretariatsleiar, meg og rådsmedlem May Liss Wasmuth.
Foto: Digdir/ Le Khan
Portrettbilde av Joakim Lystad, leder i Digitaliseringsrådet fra 2024

Rådsleiar, Digitaliseringsdirektoratet Joakim Lystad

Joakim Lystad er leiar av Digitaliseringsrådet. Han har 30 års leiarerfaring. 12 av desse åra som toppleiar i Mattilsynet og Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Han er utdanna naturforvaltningskandidat frå nåverande NMBU. På slutten av 80-talet var han med å bygge opp eit norsk dotterselskap av eit amerikansk programvarefirma. Både i Mattilsynet og NAV leia han omfattande digitaliseringsprosjekt og erfarte kva gevinstar og utfordringar dette kan gje for verksemdene. Lystad er oppteken av at verksemdene må meistre dei organisatoriske og personalmessige endringane som ofte er ei forutsetning for vellykka digitalisering.

Spisskompetanse: Leiing, styring, endring, strategi og samarbeid.