Hopp til hovedinnhold

Rapport Mange treng hjelp med å vere digitale

Konklusjon

Resultata frå brukarstøtteundersøkinga føyer seg inn i ei rekke undersøkingar som synleggjer kor vanleg det er å vere avhengig av ein hjelpar for å gjennomføre digitale oppgåver. Arbeidet med å sette i verk tiltak bør følgjast opp.

Dei siste åra er det blitt tydeleg at sjølv om tilnærma heile befolkninga er digitale, kan opp mot kvar femte person vere digitalt ekskludert. Vi har i denne rapporten vist at dette tilsynelatande paradokset delvis kan forklarast med at mange har digitale hjelparar. Samstundes har vi vist at å få hjelp med å vere digital på ingen måte er problemfritt. Mange er til dømes ikkje klar over at det er ulovleg å la nokon annan bruke sin eID. Å få hjelpe med digitale gjeremål kan òg vere problematisk ut frå eit personvernomsyn.

Fleire tiltak er no satt i verk for å gjere noko med dette. I handlingsplanen for auka inkludering i eit digitalt samfunn er eit av tiltaka å utvikle sikre og brukarvenlege fullmaktsløysingar som gir tilgang til digitale tenester på vegner av andre brukarar. I eID-strategien er det mål om å sikre at alle relevante brukargrupper får tilgang til eID på det tryggleiksnivået dei har behov for. Det er difor grunn til å tru at det i framtida vil bli enklare for alle å få tilgang til dei offentlege digitale teneste dei treng, og at det skal bli enklare og tryggare å få hjelp til å gjennomføre digitale oppgåver for dei som treng det.

Samstundes er det grunn til å forvente at implementeringa av desse tiltaka vil medføre utfordringar. Nokre av desse kan det vere grunnlag for å sjå vidare på i eventuelle komande brukarstøtteundersøkingar. Til dømes kan det vere av interesse å få betre innsikt i kor stor del av tilfella der verjer, familiemedlemmar og andre digitale hjelparar ikkje får tilgang, som ville kunne løysast med digitale fullmaktsløysingar, og kor mange som treng andre tiltak.